Vernissage "340 meter i sekundet"

Arrangementsdato

torsdag 4 nov 2021 17:00

Slutter torsdag 4 nov 2021 17:45
Kalenderlementet vil tilpasses din tidssone
Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Plassreservasjon
Arrangementet er gratis, men plassreservasjon krevast for å vere sikker på plass.

Arrangementsinformasjon

Vernissage


340 meter i sekundet



Vernissage på Alvavoll: Lydinstallasjon av Gyrid Nordal Kaldestad & Are Lothe Kolbeinsen

340 meter i sekundet

"Eg står i stranda og ser mot fjella langt der ute. Bølgjene rislar stille rørsler kring meg. Eg går ut i det kalde vatnet, går sakte utover og kjenner det omslutte meg. Trekk pusten djupt og seinker kroppen ned, sakte, stille. I eitt med dette kjenner eg meg levande og heil. I eitt med dette kjenner eg på dragninga mot fjorden. I eitt med dette kjenner eg meg som ein del av ei lengre historie."

I denne lydinstallasjonen søkjer Kaldestad og Kolbeinsen å utforske riter og mytar knytt til fjorden og havet, og har valt å krinse dette inn mot dei personlege ritane. Etter eit år med pandemi er det tydeleg at mange nordmenn har søkt til naturen. Kanskje for å kjenne at ein er i kontakt med noko som er varig og uforanderleg i ei uføreseieleg tid. Kanskje for å kopla seg av den nye kvardagen og tvinga seg sjølv til å vera i eitt med det som er tett på. Når temperaturen er 15 grader ute, som i ein ganske vanleg Vestlandssommar, bevegar lyden ca 340 meter pr. sekund. Me ønskjer med dette publikum velkommen inn i vår lydverd.

Are Lothe Kolbeinsen er musikar, komponist og lydkunstnar frå Trondheim. Han arbeider stort sett med eigeninitierte prosjekt og er ei aktiv stemme i den kreative musikkscenen i Noreg med konsertar i 20 land fordelt på 5 kontinent. Han studerte jazzgitar og komposisjon ved musikkonservatoriet, NTNU (Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet). Han har undervist i gitar og improvisasjon ved Norges musikkhøgskole (2012-2019) og har halde diverse workshops i improvisasjon og utvida teknikker i inn-og utland. Han har gjort fleire bestillingsverk, installasjonar og interdisiplinære prosjekt i samarbeid med komponistar, forfattarar, skodeseplarar innafor fysisk teater, dansarar og visuelle kunstnarar.

Gyrid Nordal Kaldestad er komponist og utøvar frå øya Stord i Sunnhordland . Ho har bakgrunn frå improvisasjon og elektroakustisk musikk og arbeider med vokal / song, liveelektronikk, feltopptak og tekstskriving for bruk i komposisjonar og installasjonar. Ho har arbeida som komponist og musikar i teater- og danseførestillingar der liveelektronikk og elektroakustiske lydbilete har vore ein sentral del av uttrykket. Hennar samarbeidspartnarar de seinaste åra er den Montreal-baserte slagverkskvartetten Architek Percussion, og den London-baserte fiolinisten Mira Benjamin, samarbeidsprosjekter med Are Lothe Kolbeinsen og Anne Hytta i trioen Kaldestad. I november 2019 starta ho som kunststipendiat ved NTNU, Institutt for musikk, avdeling for musikkteknologi.

Tags

hardanger musikkfest
alvavoll
Organizer
Hardanger Musikkfest