Sidervandring

Tickets Not Available

Billetter er dessverre ikke tilgjengelig i våre systemer. Dette kan skyldes at arrangøren benytter en annen billettleverandør eller at arrangementet er utsolgt.

Arrangementsinformasjon

Sidervandring

Smaken av Hardanger!

Vel møtt på den populære på sidervandringa i fruktbygda Lofthus! Me vandrar frå gard til gard og møter lokale siderprodusentar, historie, skrøner og ikkje minst sider! Litt smått å ete skal det og bli undervegs.

Sider - Hardanger sin eigen champagne!

Fruktdyrkinga i Ullensvang har lange tradisjonar som strekkjer seg attende til mellomalderen då cisterciensarmunkane kom frå Lyse kloster og etablerte seg på Lofthus. Dette var starten på fruktdyrkinga her, og gjennom tidene har Hardanger utvikla seg til å verte eit merkenamn som får folk til å tenkje på blømande frukttre og kvalitet. Munkane lærte bøndene både å dyrke frukt, brygge øl og å lage sider.

Me møtast på Ekspedisjonen Skjenkestove som ligg i fjordkanten. Der produserer dei sider og øl basert på dei gamle handverkstradisjonane. Turen går vidare gjennom gardstun og stiar. Det vert smaking og høve til å handla. På vegen vil ein få innsyn i lokalhistoria og siderproduksjonen, samt oppleva musikkinnslag av beste kvalitet undervegs. Turen passar for alle og tek omlag 2 timar. Vel møtt!



Møt siderprodusentane i eigne frukthagar



Tags

sidervandring
hardangermusikkfest
Organizer
Hardanger Musikkfest