Samtalar med Bach

Arrangementsdato

fredag 5 nov 2021 22:00

Slutter fredag 5 nov 2021 23:00
Kalenderlementet vil tilpasses din tidssone
Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Konsertbillett, vaksen
Konsertbillett, born

Arrangementsinformasjon

Samtalar med Bach

Ernst Simon Glaser tek oss med på tvers av hundreåra - frå Bach til i dag.



”Samtaler med J.S.Bach”:

Til debutkonserten sin for 15 år sidan tinga Ernst Simon Glaser eit nytt verk for solo cello. Komponisten av dette verket var Eivind Buene. Buene kjende til Bach sine suitar for solo cello gjennom transkripsjonar for gitar. Inspirert av Suite Nr.5 i c-moll valde han å skriva eit verk han kalla ”Conversation with J.S.” Om dette stykket skreiv Buene, ”Klanglige fantasier anno 2002 møter energien i J.S.Bachs Cello Suite Nr.5. Bachs gestikk, de fysiske bevegelsene og den musikalske flyten er grunnlaget for en samtale på tvers av århundrene, hvor celloens og musikkens historie klinger med mellom linjene.” 

Etter å ha spelt Eivind sitt verk fekk Glaser idéen om å tinga eit verk for kvar av cellosuitane skrivne av Bach. Dette voks fram av nyfikskap på kva slag musikk Bach sine suitar ville inspirera helit ulike komponistar til å skriva. Verka skulle tingast av eldre og yngre, kvinnelege og mannlege komponistar frå Noreg. 

I tillegg til Buenes verk finst det i dag; Magnar Åm, Lene Grenager, Olav Anton Thommessen, Therese Birkelund Ulvo og Bjørn Kruse.


Restriksjoner

Full refusjon på billettar ved kansellering grunna koronarestriksjonar.

Tags

konsert
hardanger
kyrkje
musikkfest
festival
Organizer
Hardanger Musikkfest