Runesong frå skogen

Arrangementsdato

fredag 5 nov 2021 14:00

Slutter fredag 5 nov 2021 15:00
Kalenderlementet vil tilpasses din tidssone
Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Konsertbillett

Arrangementsinformasjon

Runesong frå skogen

Salmar, runesong og tradisjonelle dansar frå Sinikka Langeland sin poetiske tonevev.

Sinikka Langeland
Anna Maria Hefele


Anna-Maria Hefele er eit musikalsk fenomen. Ho bevegar seg mellom forskjellige vokalteknikkar - frå klassisk til polyfonisk overtone-song - og følgjer seg sjølv perfekt med uvanlege instrument som harpe og svensk nyckelharpa. Ho presenterer allsidigheit i eit soloprogram som vil overbeskatta dei fleste songarar: skandinavisk og italiensk 1500-talls folklore, musikk frå Brian Eno og hennar eigne komposisjonar. Anna-Maria Hefele mogeleggjer kjenslemessig eterisk og gjennomgripande deltaking, samt gjev rom for si eiga drømmeverd.

Sinikka Langeland (f. 1961) er ein av vår tids mest markante musikarar. Gjennom forskning, gjenforteljing og komponering har ho gjeve kulturen på Finnskogen ein heilt ny profil. Ho spelar det finske nasjonalinstrumentet kantele, men er og ein svært vidgjeten folkesongar som også utfordrar seg sjølv innan improvisasjon i møte med nokon av Nordens mest anerkjente jazzmusikarar eller i møte med klassiske musikarar i prosjektet "Folketoner og Bach”. Ho har turnert både som soloartist og med ensemblet sitt i Japan, India, USA og framført musikken i Europa på festivalar som London Jazzfestival, Festspela i Berlin, Holland Festival, Molde Jazzfestival, Timisoara jazzfestival, mfl. og sist, men ikkje minst under Finnskogutstillingen og på Finnskogdagene.

Til Hardanger Musikkfest kjem ho med musikk frå soloprosjektet «Wolf Rune», som vert sloppe på plateselskapet ECM i april 2021.

Restriksjoner

Full refusjon på billettar ved kansellering grunna koronarestriksjonar.

Tags

hardangermusikkfest
hardanger
lofthus
musikkfest
kyrkjekonsert
Organizer
Hardanger Musikkfest