Ljos

Arrangementsdato

lørdag 31 okt 2020 12:00

Slutter lørdag 31 okt 2020 13:30
   Legg til i din kalender
Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Konsertbillett

Arrangementsinformasjon

Ljos

Lysande kammermusikk i haustmørket med musikk av Kaija Saariaho, Geörgy Kurtág, Edvard Grieg og Henry Purcell. 

Berit Norbakken, Tine Thing Helseth og Sveiunung Bjelland står på podiet. 


Tine Thing Helseth

Tine Thing Helseth har etablert seg som ein av verdas leiande trompetistar, kritikerrost for sin unike klang og særeigne musikalske røyst. Som omreisande solist gjestar ho jamnleg leiande orkester og konserthus over heile verda. Hun er ein musikar som også utforskar og utfordrar sjangergrensene.

Berit Norbakken

Berit Norbakken tilhøyrer eliten blant våre (skandinaviske) sopranar.

Ho er stadig solist med leiande orkester og dirigentar i dei største konserthusa, som Sydney Opera House saman med Anima Eterna Brugge, leia av Jos van Immerseel, Tokyo Opera City Hall med Tokyo Philharmonic Orchestra og dirigent Mikhael Pletnev, og dirigentar som Robert King, Daniel Reuss, Erik Nielsen, Andreas Spering, Olof Boman og Ottavio Dantone.

Sveinung Bjelland

Sveinung Bjelland har i fleire år stått i fremste rekkje blant våre klassiske pianistar.

Han er skildra som ein musikar med ei sjeldan evne til å ikle seg musikken han spelar og at lyttaren finn seg behagelig fast i grepet hans.
Han har allereie ei rekkje vellukka innspillingar bak seg, både som solist og kammermusikar. Ikkje minst hans innspeling med sonatar av Scarlatti og Mendelssohn, er mottekne med begeistring og vart nominert til Spellemannsprisen 2006.


Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje

Tags

hardangermusikkfest
hardanger
lofthus
musikkfest
kyrkjekonsert
Organizer
Hardanger Musikkfest