Kviven Duo

Tickets Not Available

Billetter er dessverre ikke tilgjengelig i våre systemer. Dette kan skyldes at arrangøren benytter en annen billettleverandør eller at arrangementet er utsolgt.

Arrangementsinformasjon

Kviven Duo i Bleietunet

Folkemusikk i det fri hjå siderkongen på Bleie!


Når dagane vert korte og gulskjæret kjem i lia, er epla klare til hausting. Olav Bleie plukkar dei varleg ned når dei er søte nok og pressar dei til eplemost. Mosten fyller han i store ståltankar i lag med ein tanke sukker og gjær.


Når gjæringa har kome godt i gang set han temperaturen ned og ventar spent i nokre månader. Slik får sideren utvikla seg sakte men sikkert, medan han held på den friske eplearomaen. Til våren når alle sidertankane er utgjæra kallar han saman gode vener med gode ganar, og dei smakar seg fram til ei blanding som er balansert mellom det søte og sure, det fruktige og den friske angen. 


I år inviterer vi dei same venene, og endå fleire, til å dele ein musikalsk meny kor samansetnaden mellom den søte og friske musikken er godt balansert!

Kviven Duo 

Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm, feler

Kviven er fjellet som skil Hornindal i Nordfjord frå Austefjorden på Sunnmøre. 

To feler, der nye og gamle slåttar i Nordfjord- og Sunnmørstradisjon nok ein gong sameinast. Felespelarane Jorun Marie Kvernberg (Volda) og Britt Pernille Frøholm (Hornindal) har no brukt sambandet flittig og finpussa eit knippe kvalitetsslåttar frå kvar si side av Kviven. Kviven duo er klar for verda! I duo felespel frydar dei to allsidige musikarane både seg sjølv og publikum med dei gode tradisjonsslåttane. 



Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje

Tags

bleietunet
aldesider
hardanger
hardangermusikkfest
kvivenduo
folkemusikk
Organizer
Hardanger Musikkfest