Gjertruds sigøynerorkester

Arrangementsdato

lørdag 6 nov 2021 22:00

Slutter lørdag 6 nov 2021 23:30
Kalenderlementet vil tilpasses din tidssone
Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Krossvoll, vaksen

Arrangementsinformasjon

Festkveld med Gjertruds sigøynerorkester

Me er klare til å fylla Krossvoll med musikk og festklare gjestar! På scena står det forrykande Gjertrunds sigøynerorkester.

Gjertruds Sigøynerorkester (GSO) har sidan 1989 spesialisert seg på østeuropeisk sigøynermusikk frå Russland, Romania og framføre alt Ungarn. Gruppa har tileigna seg musikken i direkte møte og samarbeid med musikarar i Budapest, og samarbeider fast med Ernest Bangó, ein av Ungarn sine fremste cimbalister. GSO har turnert over store delar av Noreg og Ungarn, delteke på festivalar i inn- og utland og gjeve ut sju cd-ar.

I tillegg til stadig fordjuping i austeuropeisk sigøynermusikk og turnear med ungarske sigøynermusikk-utøvarar, har ensemblet ei rekkje ulike samarbeidspartnarar innan folkemusikk og sjangeroverskridande prosjekt. GSO har samarbeid med mellom anna den jødiske artisten Bente Kahan, songaren Elias Akselsen, felespelar Susanne Lundeng, komponist og pianist Nils Henrik Asheim, samt artistane Britt Synnøve Johansen, Solfrid Molland, Pål Jackman og Helge Jordal. Samarbeidet med Nils Henrik Asheim resulterte i Spelemannpris i 2011 for CD-en «Mazurka – Remaking Chopin». Dei andre CD- utgjevingane har også blitt vorte godt motteke, ikkje minst «På reis, på reis» (2017), sigøynersongar på norsk med Britt-Synnøve Johansen.

Forvent eit ellevilt show på Krossvoll!

Forvent eit stjernegalleri på årets festkveld på Krossvoll!


Restriksjoner

Full refusjon på billettar ved kansellering grunna koronarestriksjonar.

Tags

konsert
krossvoll
lofthus
Organizer
Hardanger Musikkfest