Festivalpass Hardanger Musikkfest - joletilbod!

Arrangementsdato

torsdag 28 mai 2020 10:00

Slutter mandag 1 jun 2020 16:00
   Legg til i din kalender

Tilgjengelige varer

Festivalpass - joletilbod
FestivalpassUNG - joletilbod
Gjeld for deg mellom 18 - 30 år

Arrangementsinformasjon

Hardanger Musikkfest - store opplevingar nær musikken


Opplevingar er til for å delast. Me tilbyd no festivalpass til heile den 25. utgåva av Hardanger Musikkfest som vert skipa i pinsen 2020.


Tema for festivalen i 2020 er SVEVN. Me vil sjå på Svevn som myte og korleis det har inspirert komponistar og kunstnarar til alle tider., Festivalen neste år vil ha eit sterkt vokalfokus med nokre av skandinavias flottaste stemmer. Mellom anna kjem Nordic Voices og Det Norske Jentekor og fyller fjorden med fantastisk vokalmusikk.

Festivalpass:

Festivalpasset gir tilgang til alle konsertar, men enkeltbillettane til dei konsertane du ynskjer å gå på, må hentast ut av billettsalet vårt: billett@hardangermusikkfest.no, på heradshuset i Ullensvang fram til festivalstart, eller på festivalkontoret på på Lofthus under festivalen. Du vil og få ein kode du kan bruke for å reservere plass elektronisk etter at kjøpet er gjort. Det er fleire konsertlokale med få plassar, så ver ute i god tid med å henta ut dei du ynskjer! På konsertar med servering er det eit tillegg i prisen. 

Hardanger Musikkfest - store opplevingar nær musikken

Om festivalen:

I 2020 feirar Hardanger Musikkfest sin 25. festival. Musikkfesten vart starta opp i 1996, då konsertmeister Stig Nilsson tok med seg sine musikarvener frå Oslo Filharmoniske Orkester og hadde konsertar på Hotel Ullensvang på Lofthus. Konsertane vart ein suksess og musikkfesten har vorte gjenteken kvar pinse etter dette.

Ansvarsfraskrivelse

Ingen refusjon på kjøpte billettar.

Organizer
Hardanger Musikkfest