Hardanger Musikkfest - jubileumspass

Tickets Not Available

Billetter er dessverre ikke tilgjengelig i våre systemer. Dette kan skyldes at arrangøren benytter en annen billettleverandør eller at arrangementet er utsolgt.

Arrangementsinformasjon

Hardanger Musikkfest - store opplevingar nær musikken


Opplevingar er til for å delast. Me tilbyd no eit avgrensa antal festivalpass til jubileumspris til heile  jubileumsutgåva av Hardanger Musikkfest som vert skipa november 2021.


Tema for festivalen i 2021 er RITAR. Det vert både nye og gamle ritual knytt til musikk, kunst, naturen og livet sjølv. Me vil sjå på lokale skikkar og særtrekk samstundes som me hentar inn ritual frå andre kantar av verda. Her er mange likskapar i ulik innpakning! Det vert konsertar med klassiske stjernemusikarar og eit sterkt folkemusikkprogram. Festivalen vil presentera samtalar, kunst og rom for ettertanke. Ritual og seremoniar er som regel knytt til overgangar, anten i religiøs eller verdslag forstand, og årets festival freistar å syna korleis musikken finn sin stad i dette.

Festivalpass:

Festivalpasset gjev tilgang til alle konsertar, men enkeltbillettane til dei konsertane du ynskjer å gå på. Du vil få ein kode du kan bruke for å reservere plass elektronisk etter at kjøpet er gjort. Det er fleire konsertlokale med få plassar, så ver ute i god tid med å henta ut dei du ynskjer! På konsertar med servering er det eit tillegg i prisen. Du kan også henta ut billettar på festivalkontoret på Lofthus under festivalen.

NB! Kun 50 stk jubileumspass!

Vårofferet er sentral i jubileumsfestivalen 2021

Hardanger Musikkfest - store opplevingar nær musikken

Om festivalen:

I 2021 feirar Hardanger Musikkfest 25-årsjubileum. Musikkfesten vart starta opp i 1996, då konsertmeister Stig Nilsson tok med seg sine musikarvener frå Oslo Filharmoniske Orkester og hadde konsertar på Hotel Ullensvang på Lofthus. Konsertane vart ein suksess og musikkfesten har vorte gjenteken kvart år etter dette. Me ser fram til å ta imot dykk med opne armar!


Ansvarsfraskrivelse

Full refusjon på billettar ved kansellering grunna koronarestriksjonar.

Organizer
Hardanger Musikkfest