Draum

Tickets Not Available

Billetter er dessverre ikke tilgjengelig i våre systemer. Dette kan skyldes at arrangøren benytter en annen billettleverandør eller at arrangementet er utsolgt.

Arrangementsinformasjon

Draum



Ei storhending i Hardanger! 

Sveinung Bjelland & Ernst Simon Glaser med store musikalske meistrar i dei vakre lokala på Galleri Nils Bergslien i Eidfjord.

Sveinung Bjelland har i fleire år stått i fyrste rekkje blant våre klassiske pianistar. Han har vorte skildra som en musikar som har ein sjeldan evne til å ikle seg musikken han spelar og at lyttaren finn seg behageleg fast i grepet hans. Han har vore solist med alle dei største orkestra våre under profilerte gjestedirigentar. Frå 2002-2008 var han kunstnarisk ansvarleg for Glogerfestspillene. Sveinung Bjelland er professor ved Norges Musikkhøgskole og ved Universitetet i Agder i Kristiansand.


Ernst Simon Glaser, cello var frå 2001-2010 solocellist i Den Norske Operas Orkester. Han er for tida solocellist i Göteborgs Symfoniker, Sveriges Nasjonalorkester. I tillegg til meisterklassar i inn- og utland underviser han ved Barratt-Dues Musikkinstitutt. Ernst Simon Glaser spelar på ein cello bygd av Francesco Ruggieri, Cremona ca. 1680, Dextra Musica. Glaser er en forkjempar for samtidsmusikk. I prosjektet “Samtale med J.S.Bach” har han tinga eit verk for kvar Bach solo cellosuite av 6 forskjellige komponistar; dette kan du høyra på Hardanger Musikkfest.

Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje

Tags

hardangermusikkfest
hardanger
musikkfest
eidfjord
gallerin.bergslien
Organizer
Hardanger Musikkfest