Hardanger Musikkfest - festivalpass

Evenemangsinformation

Hardanger Musikkfest - store opplevingar nær musikken


Opplevingar er til for å delast. Me tilbyd no festivalpass til heile den 25. utgåva av Hardanger Musikkfest som vert skipa hausten 2020.


Tema for festivalen i 2020 er SVEVN. Me vil sjå på Svevn som myte og korleis det har inspirert komponistar og kunstnarar til alle tider., 

Festivalpass:

Festivalpasset gir tilgang til alle konsertar, men enkeltbillettane til dei konsertane du ynskjer å gå på, må hentast ut av billettsalet vårt: billett@hardangermusikkfest.no, på heradshuset i Ullensvang fram til festivalstart, eller på festivalkontoret på på Lofthus under festivalen. Du vil og få ein kode du kan bruke for å reservere plass elektronisk etter at kjøpet er gjort. Det er fleire konsertlokale med få plassar, så ver ute i god tid med å henta ut dei du ynskjer! På konsertar med servering er det eit tillegg i prisen. 

Hardanger Musikkfest - store opplevingar nær musikken

Om festivalen:

I 2020 feirar Hardanger Musikkfest sin 25. festival. Musikkfesten vart starta opp i 1996, då konsertmeister Stig Nilsson tok med seg sine musikarvener frå Oslo Filharmoniske Orkester og hadde konsertar på Hotel Ullensvang på Lofthus. Konsertane vart ein suksess og musikkfesten har vorte gjenteken kvar pinse etter dette. I 2020 vert festivalen for fyrste gong avholden på hausten - grunna utsetjingar i kjølvatnet av covid-19. No er me klare og tek i mot dykk med opne armar!


Ansvarsfriskrivning

Ingen refusjon på kjøpte billettar.