page view image

Ungt Ekko m/kulturskulen

EVENEMENTGEGEVENS
event image

Ungt Ekko



Kom og opplev ung energi og unge kunstnarar i tradisjonelle og utradisjonelle kunstuttrykk. Eit samarbeid mellom Ullensvang Kulturskule og Hardanger Musikkfest.

Framsyningar kl 1730 og 1930.

Ullensvang Kulturskule har latt seg inspirera av årets tema under Hardanger Musikkfest, og framsyninga har fått tittelen "Ungt ekko".  Kulturskulen sine elevar utforskar ekko frå fortida i songar med historisk sus, ekko for framtida - med både håp, undring og uro, ekko av meg i deg - korleis me speglar kvarandre, og korleis me vert til i møte med ein annan.  

Ramma rundt framsyninga er forteljinga om den uheldige skogsnymfen Ekko. Ekko fortalde ei sladrehistorie for mykje og vart tilvist til å leva resten av sine dagar som eit einsamt ekko av andre.

På scena møter me eit vidt spekter av Ullensvang sine kunstnariske og musikalske elevar. 






krossvoll
hardangermusikkfest
kulturskule