page view image

Føreleik: Lydspor frå ei uventa tid

EVENEMENTGEGEVENS
event image

Føreleik på opningskvelden:
Varm opp til festival med eit glas Sider frå Hardanger og festivalkomponistane Nils Henrik Asheim, Birgit Djupedal, Sigurd Fischer Olsen og Tyler Futrell i samtale med Sigurd Sandmo.

Hardanger Musikkfest har i løpet av pandemien bestilt fleire verk under overskrifta ‘Lydspor frå ei uventa tid’. Kva moglegheiter gjev ein slik stopp i samfunnet for dei skapande hovuda? Kva erfaringar har komponistane teke med seg vidare, og kva er lyden av “etterpå”? 

Me har invitert komponistar frå ulike generasjonar til å tolka denne rare tida musikalsk - og dela sine tankar om verka munnleg som eit førespel til alt me har i vente.

Ei flott oppladning til opningskonsert kl. 18 og resten av festivalen! 

ullensvanggjesteheim
lofthus
komponist
hardangermusikkfest