Arrangørtreff Hardanger 2020

Arrangementsdato

lørdag 31 okt 2020 10:00

Slutter lørdag 31 okt 2020 14:30
   Legg til i din kalender

Tilgjengelige varer

Arrangørtreff

Arrangementsinformasjon

Velkomen til eit arrangørtreff i regi Hardanger Musikkfest for arrangørar i heile Hardanger



Bakgrunn:

12. mars stengde Noreg ned og ein heil bransje innan arrangement, tilskipingar, kultur og idrott vart fråskoren driftsgrunnlaget. Status sommaren 2020 har vore alt frå status quo til dramatiske konsekvensar.

Korleis vert denne næringa sjåande ut frametter?

Arrangørar frå alt frå korpstreff, fotballcupar, mindre konsertarrangørar, store festivalar og stevner er målgruppe for treffet kor me skal sjå framover.

Program:

Kl 1000: Velkomen

Kl 1005: Presentasjon deltakarar med status på drifta. Avdekking behov.

Kl 1100: Juridisk status Covid19-forskrifta, bransjestandardar og punkt til framtidig kontraktering, v/Tone Østerdal, Norske Konsertarrangører

Få har vore tettare på pulsen i arrangørnæringa i Noreg enn Tone Østerdal. Ho har vore andletet ut for ein samla bransje i ei krevjande tid. Ho vil fortelja oss om arbeidet deira i perioden, juridiske problemstillingar dei har plukka opp i næringa og kva bransjestandardar dei formidlar ut no. Samt nokre tankar om kva me har i vente.

Kl 1200: Lunsj

Kl 1300: Presentasjon Brak, v/Inni Mowinckel, prosjektansvarleg Brak

Brak er eit kompetansesenter for alle som driv med musikk i Vestland. Dei fungerer som ein døropnar, vegleiar og bindeledd som lyfter alle aktørar innan musikkfeltet til neste nivå. Inni vil presentera organisasjonen og undersøkingane dei har gjort i bransjen om kor presist dei ulike krisepakkane har treft i den krevjande tida.

Kl 1330: Reiselivet og arrangørnæringa
Presentasjon av statistikk frå anaylseavdelinga for overblikk på arrangementsturisme i Norge, korleis skapa tettare kopling mellom arrangement og reiseliv, korleis nå ut til nye marknader og kva VHF kan bidra med.
Ved reiselivsdirektør Andreas Skogseth og Sjur Vågen, Visit Hardangerfjord.

Kl 1400: Hardangerbilletten

Ny og samlande marknadsførings- og salskanal for arrangement i Hardanger. Status v/ prosjektleiar AK Glück-Teigland og webansvarleg Eirik Bøen Gravdal

Kl 1430: Program ferdig

Pris:

Kr 200 per pers.
Prisen inkluderer lunsj og fri overgang (må registrerast ved kjøp) til konserten Songboka kl 15 kor den norske songskatten formidlast i ein vakker time med Tora Augestad, Ruth Wilhelmine Meyer, Erlend Nødtvedt og Helge Lien.



Tora Augestad står på scena på Songboka






Organizer
Hardanger Musikkfest