Unge ritar med Ullensvang kulturskule

Arrangementsinformasjon

Unge ritar


Kulturskulen presenterer breidden og mangfaldet av unge frå heile Ullensvang kommune.

Drama-, kunst- og musikkelevar RITAR opp ulike kunstutrykk og gjev publikum ei heilskapeleg framsyning i tradisjonelle omgjevnader på Krossvoll. Programmet tek utgangspunkt i mørketida og dei aktivitetar og RITAR som i uendelege tider har oppteke oss. Musikk og kunst i mange sjangrar og tidsepokar. Reinspikka metal, hardingfele, kroting, piano og forteljingar losar oss gjennom tidlause RITAR og ritual. Kom og opplev ung energi og unge kunstnarar i tradisjonelle og utradisjonelle kunstuttrykk.

Framsyningar kl 1730 og 1930.