Sidervandring

Arrangementsinformasjon

Bli med på sidervandring i fruktbygda Lofthus! Vi går frå gard til gard og møter lokale siderprodusentar, historie, skrøner og ikkje minst sider! Litt smått å ete skal det og bli undervegs.


Fruktdyrkinga i Ullensvang har lange tradisjonar som strekkjer seg attende til mellomalderen då cisterciensarmunkane kom frå Lyse kloster og etablerte seg på Lofthus. Dette var starten på fruktdyrkinga her, og gjennom tidene har Hardanger utvikla seg til å verte eit merkenamn som får folk til å tenkje på blømande frukttre og kvalitet. Munkane lærte bøndene både å dyrke frukt, brygge øl og å lage sider.


Me møtes Ekspedisjonen Skjenkestove som ligg i fjordkanten. Der produserer dei sider og øl basert på dei gamle handverkstradisjonane. Turen går vidare gjennom gardstun og stier. Det vert smaking og høve til å handle. På vegen vil ein få innsyn i lokalhistoria og siderproduksjonen, samt oppleve musikkinnslag av beste kvalitet undervegs. Turen passar for alle og tek omlag 2 timar. Vel møtt!

sidervandring
lofthus
thormodkvam
hardangermusikkfest