Sidersoger

Arrangementsinformasjon

Lydkunstnar Maia Urstad har laga ein spennande lydkunstinstallasjon på Alvavoll gard. I verket SIDERSOGER er det tankane som brukast til siderproduksjon som er sjølve instrumentet.


Verket tematiserar Hardanger og hardangerepla si reise ut i verda. Inspirasjonen kjem frå lokale historier om utveksling med omverda gjennom alle tider; munkar som kom med epler, sherpaer som byggjer trapp i fjellet, honning, sider og andre produkt som ein har odla og foredla lokalt, og som sidan drar ut i verda igjen. 


Vi inviterer publikum til ein pust i bakken i eit av produksjonslokala på Alvavoll Gard: Sit ned, ta inn utsikta, legg øyret inntil ein tank og lytt til «Sidersoger».


Materialar/teknikk: 7 ståltankar i varierande storleikar, resonnerande overflatehøgttalarar, fleirkanals avspillingsteknologi.

hardanger musikkfest
maia urstad
alvavoll