Overtonar

Arrangementsinformasjon

Eir Inderhaug, Amalie Stalheim, Joachim Carr, Victoria Putterman, Arvid Resare, Sverre Barrat-Due, Thormod Rønning Kvam


Musikk av 4 viktige kvinner!


Fanny Mendelssohn-Hensel viste tidleg musikalsk talent og byrja skrive musikk. Ho blei hemma av si tid sine holdningar til kvinner, holdninger som åpenbart også hennar far og bror (Felix Mendelssohn) delte.

I 1829 giftta ho seg med den berømte hoffmalaren Wilhelm Hensel, som var betydelig meir positivt innstilt til hennar komponistgjerning. Hennar stykker blei etterkvart gjerne spelt sammen med broren sine komposisjonar under populære familiekonsertar hjemme i Berlin.

Som pianist var Fanny ei av støttespelerane for broren sine komposisjoner. Ved hennar offentlege debut i 1838, spelte ho Felix sin pianokonsert nr. 1.


I ei tid då kvinner, med mindre dei var songarar, nesten aldri opptrådde offentleg, og heller ikkje komponerte - gjorde Clara Schumann begge delar. Med henne vart den pianistiske framføringspraksisen endra: frå virtuose, imponerande og underhaldande småstykke, til vektigare verk med større kunstnarlege ambisjonar. Ho var kunstnar, ikkje underhaldar.

Dessverre var dei fleste av hennar eigne komposisjonar ukjende, til andre halvdel av det tjuande hundreåret. Mange er fortsatt upubliserte og vert eigde av private samlarar. 


Kaija Saariaho er ein av vår tids store komponistprofilar.

Den finske komponisten er kjend for å skape rørande, nesten fysiske verk med skimrande, tette klangbilete som gjennomgår stadige forvandlingar. Musikken vert ofte opplevd visuelt av publikum, som fargar eller stemningsfulle maleri.


At ein amerikansk jazzkomponist som Maria Schneider skriv fantastisk musikk for sopransolist og klassiske musikarar er ikkje så rart som ein kanskje tenkjer. Arven frå den europeiske kunstmusikken er ein av jazzens byggesteinar, og linja frå Duke Ellington til Maria Schneider sin mentor, Gil Evans, er ikkje lang. Ellington var sjølv fascinert av den musikalske impresjonisten Claude Debussy. Fleire amerikanske kritikarar meiner at Maria Schneider er ein av dei største nolevande amerikanske komponistene.

konsert
ullensvang
kyrkjekonsert

Restriksjoner

Kjøpte billetter refunderes ikke