Morgontonar på Gløyp

Arrangementsinformasjon

Start dagen med den anerkjende tunisiske fiolinisten Jasser Haj-Youssef i samspel med Hardanger si eiga Benedicte Maurseth!

Jasser har med seg si viola d’amore – ein sju-strengs bratsj som liknar hardingfela med resonansstrenger som kling med. 
Benedicte Maurseth frå Eidfjord er ein etablert og anerkjend utøvar innan norsk folkemusikk, og har Hardanger sin tradisjonsmusikk som spesialfelt.

Frukost inkludert i billetten!

frukost
gløyp
hardanger
musikkfest
kinsarvik

Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje.