Kammertimen i Jondal Kyrkje

Arrangementsinformasjon

Eit lite tversnitt av heile festivalen. Virtoust kammerspel med Amalie Stalheim og Joachim Carr.

Ord og tonar i samspel, med festivalforfattar Maria Tryti Vennerød og Kristin Skaare.

Nytt og gammalt frå folkemusikken, med Benedicte Maurseth. 


I Jondal blei ei middelaldersk stavkyrke i 1725 riven og erstatta med ei tømmerkyrkje - reist i 1727. Noverande kyrkje er ei langkyrkje bygd i 1888. Tømmerkyrkja ser ut til å ha blitt reist på den same grunnmuren som stavkyrkja, men då nykyrkja blei bygd måtte ein flytte 30 gravar for at ho skulle få plass. Noverande kyrkje i Jondal er ei stor og flott trekyrkje med god akustikk.



konsert
hardanger
kyrkje
musikkfest
festival
jondal