Kammermusikk i Agatunet

Kammermusikk i Agatunet
Hardanger Musikkfest sitt stjerneskot 2022, fiolinist Hanna Kallestad tek med seg den prislønna cellisten Birgitta Oftestad til Agatunet, og byr på både eigen musikk og favorittar frå kammermusikkrepertoaret. Sigurd Sverdrup Sandmo er vertskap.
Agatunet er eit unikt kulturminne, eit autentisk og freda klyngetun. Her står husa og forteljingane tett. På Aga har det vore bosetting siden steinalderen, og det eldste huset som står i Agatunet er 800 år gamalt.
Billettpris: Vaksen 300kr/born 100 kr + billettavgift til Ticketco
Båttransport frå Lofthus
Frå Lofthus kan ein ta siderbåten til Aga kl. 11.15, ankomst 11:30.
Vandring opp til Agatunet. Retur med siderbåten kl. 14.10. Ankomst Lofthus 14.25.
Eigen billett til båten kjøpes her. Pris kr 150 t/r Lofthus-Aga.
![]() | ![]() |