Haugtussa

Arrangementsinformasjon

Arne Garborg / Edvard Grieg 

Eir Inderhaug og Thormod Rønning Kvam


Då Garborg sin diktsyklus om den synske jenta Veslemøy kom ut i 1895, sa ein oppglødd Edvard Grieg: “Selve Sproget er jo Musik!” 

Dei vakre songane er ei forteljing om Veslemøy og hennar møte med naturen, kjærleiken og dei underjordiske.

Dette er musikk og poesi som vender seg direkte til hjartet. 


Haugtussa forløyste ei stor kreativ kraft hjå Grieg. I 1898, tre år etter utgivnaden, kom Grieg sin sangsyklus ut, full av mørk og vakker naturmystikk, bygd på det norske språket og forteljinga til Garborg, men med musikalske røter i ein større, europeisk sangtradisjon. «De beste Sanger jeg har skrevet», slo Grieg fast.

haugtussa
konsert
krossvoll
lofthus
eirinderhaug
thormodrønningkvam

Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje