Hárr

Arrangementsinformasjon

Benedicte Maurseth har komponert tingingsverket til Hardanger Musikkfest 2019. Verket har tittelen Hárr, som er det gamle norrøne namnet på fjellet Hårteigen, det høgaste fjellet på Hardangervidda. Ein kan sjå store delar av vidda derfrå, og hárr tyder også "den grå vegvisaren”.


Maurseth skal sjølv spele på konserten, og har med seg

Jasser Haj-Youssef på viola d’amore

Mats Eilertsen på kontrabass

og Håkon Stene på perkusjon.


Hárr blir framført 3 gongar, i 3 ulike kyrkjer.

konsert
hardanger
kyrkje
musikkfest
festival
odda
benedictemaurseth