Ekstra! Vårofferet i Hardanger

Arrangementsinformasjon

Vårofferet i Hardanger (ekstraframsyning)


Hardanger Musikkfest har 25 årsjubileum! Etter eit kvart hundreår med festivalar har me toppa programmet i jubileumsåret og gler oss til å gje deg store opplevingar.

Det store mysteriet omkring den kreative krafta til våren dannar grunnlaget for festivalen si storsatsning: Vårofferet av Igor Stravinsky. 

Balletten, som vart urframført i Paris 1913, vart ein orgie i høglytte protestar og opprør, og etterlet salen i ein liknande tilstand som det dei heidenske rituala på scena symboliserte. 

Forvent ei danseoppleving utanom det vanlege

Sentralt i verket står folketonar frå Russland og Litauen, pulserande rytmar og dissonerande harmonikk. Gjennom Vårofferet endra Stravinsky musikkhistoria nærast over natta. Her vaknar urkrafta, det skjønne og primitive går hand i hand og dreg deg inn i ei hypnotiserande verd. Ikkje å undrast at dette verket har vore - og framleis er - eit freistande lerret for dei største koreografar og dansarar verda over. 

I 2021 er det 50 år sidan Igor Stravinsky døydde, og framføringa i Fjordahallen 21. mai følgjer i Stravinsky si and: "Å trø på ein oppgått stig er det same som å gå bakover". Me gler oss til å presentera folkedansar Torkjell Børsheim på same scene som prima ballerina Camilla Spidsøe Cohen gjennom ei framsyning i ritual, dans og eksplosiv musikk som sameinar fotefar frå både himmel og helvete. Med seg på scena har dei den verdskjende og spektakulære dansaren Navid Rezvani og den unike multikunstnaren Silje Aker Johnsen, som kombinerer det fremste innan song og dans.

Dei to flygla vert trakterte av vidgjetne Christian Ihle Hadland og Marianna Shirinyan.

Christian Ihle Hadland og Marianna Shirinyan


Stravinsky sa sjølv: "Altfor mange musikkstykke sluttar lenge etter at dei er ferdige". Sterke spark til samtida definerer ofte dei største, dette vert ikkje noko unnatak.  I Vårofferet er ikkje éin tone overflødig, og kvar einaste vil fylgja deg så lenge du lever. 


Medverkande:

Camilla Spidsøe Cohen
Torkjell Børsheim
Silje Aker Johnsen
Navid Rezvani
Therese Skauge
Christian Ihle Hadland
Marianna Shirinyan

Inkludert i billetten er konsertinnleiing med Gunilla Süssmann og gjester kl 20. Registrering i kjøpsprosessen.

Ansvarsfraskrivelse

Full refusjon på billettar ved kansellering grunna koronarestriksjonar.