Diktarkjærleik

Arrangementsinformasjon

Diktarkjærleik



Magnus Staveland og Sveinung Bjelland gjev oss ein time omkring Schumann sin “Dichterliebe” i det gjeve ungdomshuset Krossvoll.

Magnus Staveland
Den norske tenoren Magnus Staveland hadde sitt internasjonale gjennombrot då han song ved Teatro alla Scala i Milano og ved Teatro la Fenice i Venezia. Han har sidan gjesta operahus over heile verda mellom anna Teatro Real Madrid, Deutsche Staatsoper Berlin, Theater an der Wien, Opéra Garnier Paris, Théâtre de La Monnaie i Brussel, Kungliga Operan i Stockholm og har sunge en rekkje roller ved Den Norske Opera. Han er ein svært etterspurd konsertsongar og samarbeider med ei rekkje av verdas leinade dirigentar. Gled deg til ein tenor i verdsklasse!    

Sveinung Bjelland har i fleire år stått i fyrste rekkje blant våre klassiske pianistar. Han har vorte skildra som en musikar som har ein sjeldan evne til å ikle seg musikken han spelar og at lyttaren finn seg behageleg fast i grepet hans. Han har vore solist med alle dei største orkestra våre under profilerte gjestedirigentar. Frå 2002-2008 var han kunstnerisk ansvarleg for Glogerfestspillene. Sveinung Bjelland er professor ved Norges Musikkhøgskole og ved Universitetet i Agder i Kristiansand.

konsert
krossvoll
lofthus

Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje