Det Norske Jentekor i Kinsarvik Kyrkje

Arrangementsinformasjon

Det Norske Jentekor



Fantastiske jenterøyster syng norsk korlyrikk i den vakre kyrkja i Kinsarvik.

Det Norske Jentekor si målsetjing er å skapa sterke uttrykk som rører publikum og songarar. Det Norske Jentekor utdannar jenter til å verta sjølvstendige og reflekterte musikarar og kunstnarar. Koret vart etablert som NRKs Jentekor av Marie Foss i 1947. Songarane kjem frå Austlandsområdet og kjem inn etter prøvesong. Koret er med fokuset på nytenkjing og tradisjon ein sterk bidragsytar i norsk kulturliv. Det Norske Jentekor er delt i fire aldersdelte kor; Studiokoret (vidaregående og oppover), Hovudkoret (7.-10.klasse), Aspirantkoret (4.-6.klasse) og Rekruttgruppa (1.-3.klasse). I desember 2018 vart koret sitt nyaste album, gjeve ut på plateselskapet 2L, nominert til Grammy. H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit er korets høge beskyttar. 

konsert
hardanger
kyrkje
musikkfest
festival
detnorskejentekor

Restriksjoner

Ingen refusjon på kjøpte billettar.