Utselt! Den engelske ølstova

Arrangementsinformasjon

Barokksolistene presenterer:

Den engelske ølstova

Opplev popmusikk frå barokken i ei forrykande konsertoppleving på Krossvoll. 

Fiolinisten Bjarte Eike og Barokksolistene har skapt furore i Skandinavia og store delar av Europa og USA dei siste åra. Konsertar i London, Dresden, Wien konzerthaus, Washington Nathional Cathedral, Minneapolis, Princeton, New York og Chicago har vore heilt utselde. No kjem dei til Lofthus og Hardanger Musikkfest. Kritikken rundt konsertane og albumet deira «The Alehouse Sessions» har vore overveldande, ikkje berre i den klassiske musikkverda men også blant jazzen og folkemusikken sine tilhengjarar.

"Musikk er helt enkelt musikk, den trenger ingen merkelapper eller kategorier, ved å gjøre det risikerer man å skape en musikalsk elite", seier Bjarte Eike og det speglar seg verkeleg i The Alehouse Sessions - i omdøypt form: Den engelske ølstova.

Forvent eit ellevilt show på Krossvoll!

Eit internasjonalt stjernegalleri kjem til Hardanger Musikkfest

konsert
krossvoll
lofthus
barokksolistene
alehousesessions

Restriksjoner

Full refusjon på billettar ved kansellering grunna koronarestriksjonar.