Carstensen og Kvernberg
Arrangementsinformasjon

Festkveld med
Carstensen og Kvernberg
Me er klare til å fylla Krossvoll med musikk og festklare gjestar!
På scena står Stian Carstensen og Ola Kvernberg.
Festival-ven Stian Carstensen og felespelar Ola Kvernberg lovar ein forrykande kveld på Krossvoll. Dei to eksperimenterer med kva som hender når ein puttar alt i ei og same gryte, frå jazz og klassisk, blues og bluegrass til engelsk pop og balkanrytmer. Duoen går heller ikkje av vegen for å improvisere over forslag frå publikum i god, sosialdemokratisk ånd!
Krossvoll - bygdehuset - er Lofthus sitt naturlege samlingspunkt til fest og ein kjekk kveld.
Lofthus Ekspedisjon held open bar.
Billett kr 300 + billettavgift
18-års aldergrense.
Krossvoll - Lofthus si storstove