Barokkgalla

Arrangementsinformasjon

Barokkgalla

Ein festaftan av dei sjeldne på eit av våre hovudarrangement i storstova Fjordahallen. Bjarte Eike & Barokksolistene saman med Bergen Domkor, Nordic Voices og lokale kor lovar ein fargesprakande kveld. 

Stjernesolistar: Magnus Staveland, Elin Rombo, Tora Augestad og Tone Braaten.

--------------------------------------

Barokksolistene:
Barokksolistene er eit tidlegmusikk-ensemble med barokkfiolinisten Bjarte Eike som spelande kunstnarisk leiar. Ensemblet består av musikarar på solistnivå, alle blant dei fremste på sine instrument i Norden og Europa. Barokksolistene er tenkt som ein møteplass kor dyktige musikarar kan utfalda seg. Gjennom Eike sine dedikerte, gjennomtenkte og nyskapande program og musikarane sine virtuose spel, formidlar ensemblet barokkmusikk med tryggleik til eit breidt publikum. Konsertane deira vert ofte omtala som leikande og grensesprengande.  Sidan etableringa i 2005 har Barokksolistene opplevd ein betydeleg suksess og har hatt store oppgavår ved ei rekkje festivalar rundt om i Europa, Storbritannia og USA.

Mezzosopran Tora Augestad på ein tidlegare galla

Me forventar fulle hus under årets storsatsing Barokkgalla


kinsarvik
fjordahallen
konsert
musikkfest
barokkmusikk
barokksolistene