page view image

Stabat Mater, Terjungensemble

EVENT INFORMATION
event image

Stabat Mater

To verk over hymna til jomfru Maria, skrive med 286 års mellomrom. Pergolesi og Tyler Futrell vert tolka av Terjungensemble, Silje Aker Johnsen og Mari Askvik.

Silje Aker JohnsenMari Askvik


Terjungensemble


Silje Aker Johnsen

Silje Aker Johnsen har ein PhD frå Operahøgskolen ved Kunsthøgskolen i Oslo med prosjektet “En søken etter en utvidet fysisk tolkning av vokal samtidsmusikk og av opera”. Ho er dessutan utdanna ved Griegakademiet i Bergen, Universität der Künste, Berlin, og har en mastergrad i klassisk song fra Norges Musikkhøgskole, Oslo. 

Hausten 2017 mottok ho strålande kritikkar for si tolking av rolla som Malin i operaen Ballerina av Synne Schouen ved DNO&B. I 2018 framførte ho soloframsyninga HER av Erik Dæhlin og Silje Aker Johnsen på Den Norske Opera & Ballett, samt tidlegare gjesta huset i sceniske konsertar som Ørets teater av Henrik Hellstenius og i kammeroperaen Simon av Gerhard Stabler og 5. Rad produksjoner/DNO&B. 

Ho har tolka roller som Io i The Io Passion av Harrison Birthwistle med Berliner Kammeroper i Konzerthaus Berlin og den kvinnelige hovudrolla i A Gentle Spirit av John Tavener med same kompani. Silje har opptredd ved Nationaltheateret og har og arbeidd som dansar ved The Polish Dance Theatre, der ho mellom anna danset i Minus 2 av Ohad Naharin. 

Ho har urframført ei rekkje verk og gjesta mange festivalar som solist, mellom anna Huddersfield Contemporary Music Festival, Die Donaueschinger Musiktage, Ultima Contemporary Music Festival og Festspillene i Bergen. I 2013 vart Silje kåret til “Årets utøver” av Norsk Komponistforening. Silje er medlem av Ensemble Neon som vant Spellemannpris i kategorien samtid i 2016 og “Årets utøver” av Norsk komponistforening i 2017. 


Mari Askvik

Mari gjer solistparti i oratorier og kyrkjemusikalske verk over heile landet, med eit repertoar som strekk seg frå barokken til samtidsmusikken. Ho held også jamnleg konsertar med innslag av norsk folkemusikk, og då spesielt norske folketonesalmer. I februar 2019 slapp ho ein CD kalla “Of Light And Dust” (LAWO Classics) saman med Kammerkoret NOVA og dirigentane Yuval Weinberg og Tore Erik Mohn med blant anna dette repertoaret. Ho har sidan 2015 hatt fast engasjement i Det Norske Solistkor. Under Hardanger Musikkfest 2022 er ho ein av solistane på Stabat Mater-konserten med Terjungensemble.

hardangermusikkfest
hardanger
lofthus
musikkfest
kyrkjekonsert