På geitevis

EVENT INFORMATION

På geitevis


Jazz og folketonar leikar med Aasmund Olavsson Vinje sine gamle ord. 


Populær familiedag på Alvavoll!

Også Aasmund Olavsson Vinje var liten ein gong. Han passa på den blå bukken sin så godt han kunne, men Blåmann forsvann oppi ura der ein stad, og Aasmund gløymde det aldri. Kanskje var det lengten som gjorde at han strøymde over av ord, dikt og engasjement resten av livet? To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar med nye tonar til Vinje sine gamle ord. For store og små målar dei fram små historier om kven denne kunstnaren var, og kva han hadde på hjartet.

Jorun Marie Kvernberg – komponist, fele, hardingfele, song
Unni Boksasp – song
Dag-Filip Roaldsnes – piano, song
Daniel Herskedal – tuba

Manus ved Fridtjov Urdal og Tore Nysæther, medan Tore Nysæther har stått for regi og scenografi.

På geitevis kjem til Hardanger Musikkfest

kinsarvik
konsert
musikkfest

Restrictions

Kjøpte billettar refunderast ikkje.